Galeasen Gurine under segl

Gurine under segl på byfjorden – Bergen På slutten av 1980-talet vart Gurine kjøpt av entusiasten Georg Gundersen. Han og familien brukte fleire år på å setja ho i stand. No framstår ho som galeasjakt og skin på mange stemne. På byrjinga av 2000-talet vart vedlikehaldet for slitsamt og Gurine vart liggande til kai i Sandviken. Eigarane Kari og Georg Gundersen var flytta til Ål i Hallingdal og har ikkje lenger kapasitet til å ta vare på skuta. Gurine vert forsøkt seld, men dokumentasjon på naudsynt reparasjon pålydande kr 3,2 millionar i 2002 skremer vekk interessentane. Gurine vert liggande i Sandviken til redningen kjem. Interesselaget Galeas Gurine vert stifta 28. mai 2011 og Gurine får koma heim til Rosendal til rehabilitering og restaurering så ho kan sjå nye glansdagar i møte.

5 jun, 2011

Comments are closed.