Stemnen på plass

Gurine har fått ny stemn. Den er laga av eit eikeemne på 8-900 kg – og kjem frå eit tre som vart felt i Frubråtet, bortanfor kyrkja.

Det er ein stor jobb å saga til ein slik stokk – ikkje enkel å flytta på heller. Dugnadsgjengen måtte faktisk laga hol i veggjen på verkstaden og trekke stokken ut med vinsj. Deretter skulle han heisast opp og på plass.

Heile prosessen gjekk overraskande bra – noko som ser ut til å vera ein gjengangar når det gjeld arbeid på Gurine. Høg kompetanse kombinert med god dugnadsånd gjev resultat.

Neste steg er å laga til skant, slik at ein kan forma den nye baugen, og deretter saga til spant.

Propellen på Gurine er og blitt demontert dei siste dagane. Tunge tak måtte til for å få han frakta opp frå fjøro.