Status per Oktober 2018

Det er framleis mykje som skal på plass før skuta etter planen skal på sjøen neste år, og aktivitetsnivået er særdeles høgt!

I løpet av sommaren blei Gurine malt i orginale fargar.

Naglebenk

Langs rekka held ein på med å få på plass naglebenk. Der er der ein sett fast fall og andre tau som kjem ned frå masta. Det er eit tungt arbeid, der utgangspunktet er ein 3 toms eikeplank. Så tungt at det må 4-5 mann til for å bera han fram og attende til verkstaden for justeringer. Naglebenken sit i underkant av rekka, og skal tilpassas i ein fin bue.

Overbygg

På dekk kjem stadig meir av overbygga til syne. Det skal vera luker og overbygg til nedganger, bysse og meir. Her er det mykje finsnekring. Ikkje ein einaste rett vinkel. Alt må tilpassas nøye, og berast fram og attende til verkstaden for høvling og sliping. Dei skal no gjerast ferdige og få på tak.

Under dekk

Fremre lugar er no ferdig innreda, og ein jobbar med finsnekring, set opp skott på banjeren, køyeplassar over benkene osb. I dette arbeidet har ein valt å leiga inn hjelp. Leif Tore Nedrevåg har faktisk fagbrev i “Innredning av båt” i tillegg til lang erfaring som “finsnekker”! Det sikrar at arbeidet med innredninga blir av heilt topp kvalitet.

Dei gamle dørene som var igjen ombord er no slipt heilt ned og malt opp igjen, og tilbakeført til fordums glans.

Maskinrommet

I maskinrommet har ein kome langt med monteringsarbeidet. No jobbar ein med å få på plass eksosanlegget. Fyrkjelen for sentralvarmeanlegget er under montering, og radiatorar skal monterast på skott rundt i båten. Typisk nok for dette prosjektet har det “dukka opp” ein fagmann - ein rørleggjar - som vil stå for montering av røyropplegget til radiatorane rundt i båten. Og kobling av kaldt og varmt vatn til vasker osb. rundt i båten. Ein har og no fått på plass ein 220 volts generator som skal sørge for straum i båten. Denne veka startar ein og arbeidet med å trekka kabler til det elektriske anlegget rundt i båten.

Master og rigg

Mastene ligger på Årsnes, ferdig montert med kinnbakker (der vantane festast oppe). Dei er lakka med nær 30 strøk olje og lakk. For å smi beslag til masta har vi leigd inn Åge Hjortland. Han er båtbyggjar og har smie på Hatlestrand.

Rundholdta, dvs bommer, gaflar og rå til skværseil er no klare. Den lengste er heile 13 meter. Dei er ferdig høvla, frest og olja. 8 strøk med olje nå. Skal lakkast dei neste vekene.

19 okt, 2018

Comments are closed.