Foredrag

Laurdag 15. september. Dei fire foredraga kjem to gonger: kl 10-12 og kl 13-15.

"Restaurering av Gjøa" ved Morten Hesthamar

Fartøyvernsenteret i Norheimsund har hatt ansvaret for restaurering av “Gjøa”. Skuta har kome under tak på Bygdøy, og vore gjennom eit omfattande restaureringsarbeid. Leiaren for dette arbeidet - Morten Hesthammer - kjem til skutefesten for å fortelja om korleis dei har gått fram, og kva utfordringar dei har støtt på undervegs i prosjektet.

Morten Hesthammer er nestleiar for fartøyavdelinga ved Fartøyvernsenteret i Norheimsund.

"Kristoffer Rustung – handelsaristokratiet i Sunnhordland og handlande bønder på 1500- og 1600-talet", ved Jørn Øyrehagen Sunde

Kristoffer Rustung har røter på Seim ved Rosendal. Han vert gjerne i beste fall framstilt som bajas, og i verste fall som pirat. Han var ingen av delane. I staden var Kristoffer Rustung ein dyktig militær og truleg godt utdanna aristokrat som spelte ei sentral rolle i dansk-norsk politikk rundt reformasjonen. Han var òg ein typisk representant for handelsaristokratiet i Sunnhordland, der både aristokratar og bønder hadde handelen rundt Nordsjøbassenget som viktig inntektskjelde.

Jørn Øyrehagen Sunde er professor ved Universitetet i Bergen, og har vore tilknytta Baroniet som historikar sidan 2002.

“Kyrkjebåtar i Hardanger og fellesnaust for tradisjonsbåtar" ved Peter Helland-Hansen og Kjell Magnus Økland

I september vert den nye kyrkjebåten til Hardanger Folkehøgskule sjøsett. Kyrkjebåten er kulturminne frå ei tid då fjorden batt oss saman, og kyrkjebåtane var å sjå på fjorden kvar einaste sundag. Bygging av slike store kyrkjebåtar har stor eigenverdi. Ein gamal og stolt kulturarv vert løfta fram og delt med nye generasjonar. Kan me også laga ny kultur gjennom god tilretteleggjing for bruk av slike båtar? Kan fellesnaust med nybygde tradisjonsbåtar verta både uteskule, folkehelse og turismeopplevingar?

Peter Helland-Hansen er trebåtbyggjar og leiar ved småbåtverkstaden ved Hardanger Fartøyvernsenter. I 2014 gav han ut storverket “ trandebarmaren”.

Kjell Magnus Økland er dagleg leiar for Stiftinga Kystsogevekene. I 2016 gav han ut boka "Oselvar - den levande båten”.

"Om Gurine-prosjektet", ved Anders Jordal m.fl.

Interesselaget for Galeas Gurine presenterar det fantastiske arbeidet som er gjort i Gurine-prosjektet. Meir enn 35000 dugnadstimer er lagt ned sidan prosjektet starta våren 2011, og stemninga i dugnadsgjengen er framleis på topp. Neste år skal skuta på sjøen.