Planlagt «hærverk»!

Spant

18. februar 2013 vart nok ein milepæl for Gurine. Idag vart nemleg heile baugen kutta av - omlag tre meter frå stemnen.

Baugen til Gurine er ikkje orginal. Den vart bygd på på 50-talet etter at Gurine havarerte. I staden for den buen baugen har idag, vil ein difor byggje han om - slik han var då skuta var ny. Ein har studert Gjøa og andre skuter i Skaalurensamlinga for å finna den rette formen.

Å kutta av baugen gjekk utrolig raskt føre seg. Litt førebuing med tau som skulle sørge for at han falt rett fram, traktor med vinsj - og så motorsag. Til sist var det berre nokre få dekksplankar som held heile baugen på plass. Kristian Djupevåg sagde dei siste snitta - og så flaug plutselig baugen frametter.

Så var det rydding av "ruinane". Gurine såg utvilsomt noko trekkfull ut der ho låg. I dugnadsgjengen sit replikkane laust, og det kom snart forslag om å montera fergelem foran og sette ho inn i bilfrakt.

Så snart det vart rydda starta arbeidet med kneet som går frå kjølstokken til stevnen. Det er eit solid stykke eik på fleire hundre kilo. Dette skal først på plass, før ein set opp stemnen (ein eikestokk som veg omlag 900 kg før han tørkar). Men dette kjem vi attende til...

Her er video frå hendinga >>

18 feb, 2013

Comments are closed.