Orkanen «Nina» syter for rekkestøtter til Gurine

Ole Vik heiser eik frå øya opp på Esperanza-kaien

Mykje har falt på plass når det gjeld Gurine-prosjektet! Mange har vore med å støtte opp om prosjektet - på mange ulike vis. Relativt uvanleg for denne typen prosjekter er det kanskje at ein har ein orkan med på laget!

Etter orkanen «Nina» vinteren 2015 var det ikke få trær som måtte gi tapt for overmakta. Medan dei fleste trea i vårt område klarar seg bra når det bles sydaust, er dei mindre førebudd på vind frå andre retninger. At «Nina» kom frå vest og nordvest bidro til at langt fleire tre måtte gi tapt. Det måtte og ei kraftig eik på Gjertaneset på Snilstveitøy.

Og når eigaren ikkje er snauare enn at han spør om Gurine kan ha bruk for noko eik - blir det raskt mobilisert. Ein gjeng drar ut med motorsager og båtar. Så dreg dei dei fleire hundre kilo tunge stokkane ned til sjøen. Fersk eik er så tungt at det synker, og derfor må dei festast i kraftige blåser for å bli buksert over fjorden.

På Esperanza-kaien i Rosendal heiser Ole Vik på land - og traktorar står klare for å frakte dei til lagringsplass. Og med tid og stunder skal eika som var offer for orkanen «Nina» bli til staselege rekkestøtter på Gurine!

20 okt, 2015

Comments are closed.