Nye master bestilt

I utgangspunktet var det meningen at Gurine skulle ha kortreiste master frå Ænes-dalen. Men det synte seg etter kvart at dei vart litt for tynne og korte. Dermed gjekk ein over til heilt motsett strategi: nemleg med særs langreiste master.

Det starta med frø frå USA som vart frakta til Danmark og sådd der. Frøa er ein slags Oregon Pine med det lokale namnet Douglas Pine. Etter ein del år vart trea hogd i Danmark. Neste trinn blir å frakta stokkane til Birkeland på Sørlandet, der ein har dreiebenk på 35 meter ståande klar. I april neste år kjem mastane med "Norline" og vert droppa på sjøen i fjorden utanfor Leirvik. Der vil Leon Brufladt vera på plass med båt for å buksera dei inn til Rosendal.

Lengden på mastane er 25 meter (40 cm i diameter nede og 10 cm i toppen) og 21 meter. Dei vert dreia i eit stykke etter mål rekna ut av Kristian Djupevåg.

Når mastane kjem til Rosendal skal dei inn i Nyasago i Skålafjæra kor dei skal smørast ferdig, og alle beslag og vant skal på plass - slik at dei er klare til montering i 2018.

Då Gurine vart rigga ned viste det seg at mykje av beslag, taljer osb. kunne nyttast omatt. I haust kjem Ben Brynildsen til Rosendal for å sjå over taljer og reparera det som trengst. Han er profesjonell riggar, og har vore skippar på Mathilde. Han vil og beslå wirene til vantene og lage fokkestag klart - slik at alt skal vera klart til rigging i 2018.

9 mai, 2016

Comments are closed.