Mastene kom til Rosendal!

27. mai 2017 – nøyaktig seks år etter at Gurine kom attende til Rosendal – vart mastene henta utanfor Leirvik og taua inn til Rosendal.

Stormasta måler 26 meter, og mesanen omlag 20. Det er amerikansk tresort (Douglas Pine), som er vokst opp i Danmark. Dei er deretter tillagde på Birkeland nordaust for Kristiansand.

26. mai var «Silver Line» innom Kristiansand og plukka opp mastene. I Rosendal hadde ein mange spørsmål… Måtte dei slepast kvar for seg? Kva skulle ein gjere med plasten som mastene var pakka inn i? Ville det vera OK ver? Måtte ein ha to båtar? Osb.

Det blei ein nydeleg dag, og alt gjekk svært så sutalaust. Det tok si tid å få dei inn fjorden – 4-5 timar. Men mastene vart heiste på land hjå Norsafe på Årsnes. Der skal dei liggja – og bli klargjort – til Gurine er klar for rigging.