«Kvardagsdugnad» på Gurine

Ein liten rapport frå ein «kvardagsdugnad» - ein vakker vinterdag i januar. Sju minusgrader er ingen hindring, og frammøtet er som vanleg veldig bra. Ulike arbeidslag jobbar med ulike oppgåver rundt på skuta. Den litt meir spesielle arbeidet som vart utført denne dagen var klargjering av hullet til hylsa - som altså skal halde akslingen på plass. Hylsa har vore til overhaling (sjølvsagt på dugnad) og framstår blank og fin. Arbeidsleiar Kristian Djupevåg borer opp og tilpasser hullet til hylsa.

Dekksbjelkane er stort sett på plass - men no er ein i sluttfasen med å montere kraveller (bjelker rundt lukene) og stikkbjelker frå rekka og inn til desse.

22 jan, 2016

Comments are closed.