Kneet på plass

No er «kneet» som skal binda saman kjølen og stemnen på plass. Det er eit vakse emne frå eit av eiketrea som vart felte i Frubrotet bortanfor Kyrkja. Sjølve stemnen – eit seks meter langt emne på nær 900 kg frå same treet – skal sitja på framsida av «kneet». Det kjem etter planen på plass i løpet av eit par veker.