Kne-operasjon

Det er ikkje uvanleg at personar som kjem litt opp i åra må byte ut kneledda. Det gjeld og for Gurine – som no nærmar seg 140 år!!! Rett nok er det litt enklare å finna nye knær til Gurine, men til gjengjeld treng skuta ganske mange av dei!

Det er ikkje uvanleg at personar som kjem litt opp i åra må byte ut kneledda. Det gjeld og for Gurine – som no nærmar seg 140 år!!! Rett nok er det litt enklare å finna nye knær til Gurine, men til gjengjeld treng skuta ganske mange av dei! Så langt har ein fått «i hus» omlag 40 av dei – i ulike storleiker. Knea nyttast til å forsterke dekket – langs skutesida, ved lukenedganger osb, og det er altså av typen som har 90 graders vinkel.

Det var den 16. september skuta «Anna» med kurs for Storsundet og Snilstveitøy/Eidsvikøy. Eit arbeidslag hadde tidligare vore ute og merkt emne, og registrert dei på kartet. Denne dagen vart knea sagde ned, dregne til sjøs, og etter kvart heist ombord i Anna. Fire mann arbeide på land, mens to bugserte og samla dei i hop med «Anna». Nokre vart og hengjande på slep inn til Rosendal. Det var på strekket mellom Mjøvnasund og Eidsvik, langsmed sjøen ein fann emna.

No vert knea reinskårne på Vangssago (oppgangssago i Rosendal), og så skal dei tørke. Neste haust vil dei bli skårne til og sett på plass.

Hausten 2014 er truleg ein av dei flottaste i manns minne, og 16. september var ein fantastisk dag med nydeleg sommarver! Dugnadsgjengen kan ikkje få sagt nok om kor flott det var – sjølv om arbeidet i seg sjølv nok var meir eit blodslit!

Til våren blir det nytt tokt for å finne fleire knær.