Jøra-Knut´n – Mannen som bygde «Gurine»

Knut J. Skále, Jøra-Knut'n

Knut J. Skále, Jøra-Knut'n

Jøra Knuten – mannen som bygde ”Gurine”

Av Knut Skaala

Han var frå Nes (gnr 81), og nabogarden til Skåla (gnr 82). Tunet vart kalla jørane, etter besten hans som heite Jørgen, og det er bnr 2. Eigar i dag er Øyvind Hatteberg. Då Knut vart gardeigar på Skåla tok han namnet med seg og bruket vert enno kalla Jørane.

Far hans var Johannes Jørgenssøn, og Mora Ingeborg Knutsdotter var frå Knutatunet (bnr 6) og syster til grunnleggjaren av Skaaluren-verftet Tørris Skaaluren. Knut var fødd i 1842 og døpenavnet hans var Knut Joannesen Nes. Berre 16 år gamal tok han seg arbeid hos morbror sin i Skålafjæro. Fartyarbeid lika han og etter læretida var over tok han til å byggja sjøl. Han var eldst av syskena, men let broren Ola ta garden på Nes. Knut stifta familie og bygde seg hus på Skåla (pålag der Rimi er idag). Byggeplassen hans var på leigd grunn i området mellom ”Kaien” og Vikkaien. Der bygde han dei fleste fartya, og ikkje i Jørafjæra som det har vorte skrive.

Men Knut hadde og hug til å verta eigande mann på Skåla. Og då høve baud seg kjøpte han bruk 8 og 9 på Skåla kring 1883, Det var to bruk på Vollen, Heine- og Sjurabruket. Så det er forklaringa på at han kalla seg Volden.

På Skåla var det ei utruleg teigblanding (sjå kart i Kvinnherad 3 på omslaget), og dette var svært tungvint. På Nes hadde dei hatt utskiftning i 1863, og fått orden på innmarka. Og no rekvirerte Knut utskiftning på Skåla. Då den var ferdig i 1891 flytte folk ut frå dei gamle tuna og bygde hus på dei nye teigane sine. Knut bygde fyrst løa og seinare eit stort sveitserstil-hus som syner godt i terrenget enno, Den nye byggjeplassen vart i Skipadalen i Jørafjæro. Så fartya bygde etter 1891 bygde han nok der. Sonen Knut bygde farty her til kring 1940.

Vi har diverre ikkje fullstendig oversyn over fartya Jøra-Knuten bygde, men lista nedanfor syner vel dei fleste. Og når vi kjenner litt til kor arbeidskrevjande det var å byggja farty den gongen er lista imponerande nok. Og når vi veit han dreiv nydyrking, husflytting, bygde ny løe og eit stort våningshus så skjønar vi at dette var ein mann med utruleg arbeidsevne og pågangsmot. Huset var ikkje ... ferdig då han døydde 5. november 1900, berre 58 år gamal.

Desse båtane bygde Jøra-Knuten:

Jakt 70 fot Gjøa 1872
Jakt Agnes 1874
Jakt 60,7 fot Gurine 1875
Jakt 70 fot Rauma 1875
Galeas Lojal 1877
Jakt Elida 1879
Jakt Brødrene 1889
Galeas Aksel 1893
Galeas Armada 1894
Galeas Petrus 1896

20 jul, 2011

Comments are closed.