Hud!

No om dagen går det mest i hudlegging. Og her er ein haug med bilete frå ein dag på Gurine. I løpet av onsdag 3. desember var det mykje aktivitet. 14 mann på dugnad! Og så kom ei gruppe frå barnehagen innom og fekk sjå. Og det sosiale samveret med morgonkaffe og lunsj vart omdøypt til "eventyrstund for båtbyggjarar"! Mang ei god historie og mang ein god lått!!!

Å leggja hudplank krev sin mann (eller sine menn!). Først må ein ta mål av kva ein treng. Vi snakkar om 2,5 toms bord i lengde 6-8 meter. Dei skal sagast til - gjerne vera litt breiare på midten enn i endane. Og ein legg parallelt bord på kvar side av båten, og lagar dei heilt like. Men dei må og skråskjerast oppe for å passa inn med forrige bordgongen som er lagt. Ikkje ein jobb for nybegynnarar. Her er Kristian Djupevåg sjef! Målar litt, teiknar av på ein trebit - og så går det litt på augemål, og sjølvsagt blir resultatet perfekt.

Når planken er ferdig skjert og høvla på alle sider må den steamast. Her trengst det omlag ein time per tomme - dvs. minst 2,5 timar for kvar hudplank. Så er det å få han på plass. Det setjast på tvinger, og så er det på med "kilamat" og få slått planken på plass. Fantastisk å sjå fagfolk i arbeid få det heile på plass!

Arbeidet med hud og garnering går stadig raskare. Men det er tidkrevjande arbeid, og ein får normalt på plass 2-4 plankar per dag - kvar på 6-8 meter. Truleg vil ein bli ferdig med både hud og garnering i løpet av vinter og vår...

7 des, 2014

Comments are closed.