Historiske fakta

Gurine bygd av Jøra-Knut'n, Knut J. Skále

Gurine vart bygd i Rosendal av Knut (Knud) J. Skále - Jøra-Knut'n i 1874-75. Han bygde Gjøa i 1872 og Loyal i 1877. Gurine vart levert til Jacob T. Bleie frå Hardanger. Ho var bygd for nordlandsfart og var ei klassisk Hardangerjakt 60,1 fot lang (Gjøa er 72 fot).

I 1958-59 vart Gurine forlengt til 72,6 fot. Då under navnet Halsøy
Breidda er 19,1 fot
Dybde er 7,7 fot

I 1985 vart ho kjøpt av entusiasten Georg Gundersen som restaurerte skuta. Vedlikehaldet vart etter kvart vanskeleg og skuta forfalt. Ho låg fleire år i Sandviken.

Interesselaget for Galeas Gurine vart stifta 27. april 2011. Gurine vart henta heim til Rosendal 28. mai same våren. No skal skuta først på land og gjerast tett. Dette vil skje i fjæra nedanfor pleieheimen i Rosendal. Så er planen at ho skal på sjøen og ligga til kai i Rosendal der resten av restaureringsarbeidet vil føregå.

Arbeidet vil føregå på dugnad og det blir spanande å følgja loggen til Gurine etterkvart som arbeidet skrid fram.

8 jun, 2011

Comments are closed.