Gurine tek form!

I løpet av hausten har Gurine verkeleg begynt å ta form - og framstår meir og meir som ei skute igjen.

Ein stor jobb har vore gjort med akterspeglet - som er bygd heilt nytt. No gjenstår berre driving i natane.

Det som er aller mest synleg er nok at omlag ein fjerdedel av hudplankane, og av garneringa (som er planker på innsida av spanta) no er komne på plass. Arbeidet har starta oppe, og plutseleg kjem fasongen på skuta tydeleg fram. Både hudplankane og garneringa er 2 1/2 tommar tykke. Dei vert sett saman med trenaglar. Ein borer hull gjennom hudplank, spant og garnering. Så slår ein inn trenaglane - som kan vera opp til 60 cm lange! Desse blir kutta og får ein kile i seg for at dei skal haldast på plass.

Under huden er det lagt stålband som kryssar diagonalt for å halda fasongen på skuta. Dette vart og gjort i «gamle dagar».

I vinter blir hovudarbeidet å fortsetja med hud og garnering. Ikkje heilt umogleg at ein og vil starta arbeidet med dekket.

23 nov, 2014

Comments are closed.