Gurine trygt på land

Skuta i åkeren

Gurine trygt på land

Laurdag 24. september vert nok ein historisk dag for Gurine. Kring halv ni på morgonen vart Gurine slept frå Skåla bort til slippen. Der venta ein stor dugnadsgjeng, dykkarar, to gravemaskinar, to traktorar og ein god del tilskodarar.

Og etter fleire timar med både spenning og hardt arbeid vart Gurine klokka 14.01 plassert der ho skal stå i nokre år frametter.

Vi kjem attende med meir - både tekst, bilete og filmsnuttar - men kan berre slå fast at operasjonen vart særs vellukka. Her er nokre bilete frå den store dagen.

25 sept, 2011

Comments are closed.