Gurine – Mai 2015

Dei siste månadene har ein mellom anna jobba med å få på plass dekksbjelkane. Og no er faktisk dei fleste på plass, slik at ein kan gå "under dekk".

Under kjølen er ein i gong med å montera tjukke stålplater som både skal gi vekt, og beskytte bunnen av kjølsvinet.

I tillegg til alt arbeidet med sjølve skuta har ein og gjort utbetringer på varv-området - mellom anna med ein ny platting utafor kaffebua.

Og i heile vinter har det vore opp mot 20 mann på dugnad på måndagane, og litt færre på onsdagane. Eit fantastisk miljø - og entusiasmen lever i høgste grad - no når ein straks har halde på med dugnad i fire år!

Vi legg til at det blir basar på varvaplassen slik som i fjor. Den var særs vellukka - og datoen er satt til 20. juni. Vi kjem attende med meir detaljar...

19 mai, 2015

Comments are closed.