Gurine – februar 2015

Som alle store prosjekter består Gurine-prosjektet no av ei rekkje parallelle del-prosjekter. Og det skjer mykje på mange områder.

Finansiering

Arbeidet med finansiering har pågått kontinuerlig sidan vinteren 2011, då ein bestemte seg for å gå laus på restaureringa. Søknader skal skrivast, støttespelarar kontaktast, og ein må iblant tole avslag - sjølv når ein trudde søknaden skulle "gå inn". Men med seigliva innsats, og veldig god respons frå mange hald, er situasjonen idag slik at ein føler økonomien er under kontroll. Ein har penger på konto, og utgiftene er rimeleg forutsigbare, og med den velviljen ein har sett, er det godt håp om å komma i hamn på dette feltet.

Nøysemd og gjenbruk!

Vi kan og leggja til at eit nøysamt prosjekt med god økonomistyring. Det gjeld å få ut mest mogleg av kvar krone. Til dømes har eit "prosjekt" vore gjenbruk gamle skipsspikar. Ein har retta ut gamle spikar, og så sendt dei til galvanisering på Osterøy. Skipsspikar er nemleg dyre, og berre gjennom dette arbeidet har ein spart kring 60.000,- kronar!

Entusiasmen lever!

I mange store dugnadsprosjekt opplever ein at entusiasmen går litt opp og ned. Slik er det ikkje med Gurine. Kvar einaste mandag kjem det 14-18 personar på dugnad på dagtid, og på onsdagar litt færre. Stemninga i kaffibuo held eit høgt nivå - med gode historier, diskusjon av båtar og båtbyggjarhandtverk. "Eventyrstund for båtbyggjarar" kalla nokon dette.

Hud og garnering

I haust og vinter har mykje av dugnadsarbeidet dreia seg om leggjing av hud og garnering. Det har gitt resultat, og Gurine framstår no for alvor som ei skute igjen - etter ein periode der ein mest har sett "ribbeina".

"Dekksarbeid"

Arbeidet med dekksbjelkene er igang. Eit skur er blitt reist, der ein har plass til å høvla dekksbjelker - i 10x10 tommer furu. Kristian Djupevåg lagde maler av dei gamle dekksbjelkane før dekket var rive. Ein morosam sak er at ein i naustet til Jøra-Knuten (altså han som bygde båten opprinneleg) fann maler for dekksbjelker som han nytta på slutten av 1800-talet. Og så viser det seg at dei gamle malane er mest identiske med formen på dekksbjelkane til Gurine.

Planen fram mot sommaren

Ein har kome fram til at det er litt knapt med hudplank. Difor vil ein straks igang med å skjære plank. Desse må tørke fram til hausten. No framover vil ein starta med å leggja hudplank frå kjølen og oppetter. Det vil då bli ståande att eit stykke på midten som ein vil gjera ferdig til hausten. Pga manglande hudplank har ein forsert arbeidet med dekksbjelkar, og vil jobba med dette fram mot sommaren.

Hyppigare oppdateringar

Vi legg no opp til at Gurine-nettsida skal komma med rapporter om arbeidet minst ein gong i månaden framover. Kanskje oftare... Det er berre å følgja med på dette fantastiske eventyret!!!

11 feb, 2015

Comments are closed.