Fullt hus på bok-kveld!

Trass i kjølig haustver var det berre ståplasser igjen i Gurine-verkstaden då Rosendal bokhandel i samarbeid med venelaget for Gurine arrangerte bokkveld. Godt over 50 båtinteresserte var møtt fram for å få med seg presentasjon av tre nye bøker – som på kvar sin nåte tar føre seg båtar. Folk kom endatil frå Bergen for å få med seg dette!

Vi fekk tre svært interessante presentasjonar av Sjur Tjelmeland om «Båtbruk og båtbygging i Sunnhordland gjennom 200 år», Harald Sætre har med fergehistorie i boka «Fram og tilbake over fjorden», og Peter Helland-Hansen som i 10 år har jobba med eit nytt praktverk om Strandebarmaren.