Folkefest på Gurinebasar

Nok ein gong kan Gurine konstatera «fullt hus» på basaren! Mellom 300 og 400 små og store møtte fram i fjæra. Vergudane forbarma seg nok ein gong og opna opp med eit pusterom mellom lavtrykka. Sjølv om basaren ikkje starta før kl 18, begynte det å samla seg folk allereie ved halv fem-tida!

"B-gjengen" - som er ein avdeling av Rosendal Musikklag - starta det heile med å framføra ein eigen fanfare. Deretter starta åresalet - og årane fekk bein å gå på. Dei vart utseld på kort tid, og flotte gevinstar fekk nye eigarar.

Nede i fjæra var det tilbod om padling. Ein svært populært aktivitet - kanoer og kajakker var ute på sjøen mest heile kvelden. Og så var det tenning av ikkje mindre enn to bål.

Og så var det omvisning på Gurine og i verkstaden. Det var stor interesse for å sjå på arbeidet som er gjort. Ein merkte seg og at det var ganske mange tilreisande som hadde teke turen til Rosendal - berre for å vera med på Gurinebasaren.

Seinare var det Kristian Djupevåg - eller «meisteren» som han og vert kalla - sin tur til å underhalda med trekkspillet sitt.

Økonomimessig var det nok ein gong knallsuksess! Litt fintelling gjenstår - men det er ingen tvil om at det kom inn meir enn i fjor - då resultatet endte på 120.000.

Då er det berre å sjå fram mot basaren i 2017!

30 jun, 2016

Comments are closed.