Ein million til Gurine!

Onsdag 15.11 fekk Gurine ei gåve på ein million frå Sparebank1-stiftinga Kvinnherad, under ei tilstelning der stiftinga delte ut ikkje mindre enn sju millionar til lokale lag og prosjekter.

– Det er heilt fantastisk å få ei slik gåve, seier Anders Jordal,  leiar i Interesselaget for Galeas Gurine.  – Det fører oss eit langt steg vidare, og gjer det mogleg å oppretthalde dei aktivitetane som er planlagt fram mot våren.

Samstundes er det slik at Gurine no går inn i ein meir kostnadskrevjande fase. For å ferdigstille skuta i løpet av dei neste to åra treng ein utstyr som ein ikkje kan laga på dugnad – som til dømes navigasjonsinstrumenter. Ein skal og ha ferdig løpande og ståande rigg, med tauverk og seglgarderobe, elektrisk anlegg, innreiing av motorrom osb. Ein del spesialutstyr har lang leveringstid, og må tingast lang tid i forvegen. Difor er det viktig å ha ein forutsigbar økonomi I prosjektet, og følgeleg er denne gåva ekstra kjærkommen!

I Gurine-prosjektet er det mange samtidige arbeidsstraumar. Nokre er mindre synlege enn andre. Ein av dei – der det leggjast ned mykje arbeid – er finansiering.  Prosjektet har av ulike årsaker mista fleire av dei største sponsorene, og stundom vore nær ved å måtte stoppa aktiviteten.

– Gåver som dette gjer det mogleg å halde oppe aktivitetsnivået, og er svært inspirerande og motiverende for alle som er involvert i prosjektet, seier Jordal.

Sparebank1-stiftinga Kvinnherad er no klårt den største bidragsytaren for Galeas Gurine, med heile kr 2.110.000,-.