Dekklegging

Då er eit nytt kapittel i Gurine-historia starta. Måndag 20. februar 2017 starta ein på å leggja dekket. Det vil seie - eit omfattande arbeid har vore gjort med skandekket (ytterste delen ut mot rekka).

Eit lass med plank (som vart høvla no på laurdag) vart frakta ombord. Tungt arbeid! Og så klarte dugnadsgjengen å få lagt to bord.

Å leggja dekket er eit omfattande arbeid. Omlag 880 meter reknar ein med at det blir til slutt. Ein reknar med at det vil vera ferdig ein gong utpå hausten.

20 feb, 2017

Comments are closed.