Baugen tek form

Det har vore stor aktivitet på Gurine også denne veka. For to veker sidan vart baugen kappa av. Forrige veke kom stemnen på plass – og no ser vi at baugen tek form…

Propell og aksling er teken ut og skal til overhaling. Førebels ser det ut til at begge deler kan nyttast igjen.

Bak i hekken skal eit «emne» på plass. (I skrivande stund har vi ikkje kompetansen til Djupevåg&Co tilgjengeleg – så vi får koma tilbake til det rette namnet seinare). Emnet er hogd ut på Snilstveitøy og taua over fjorden. Atle Støve har hogd det til – først med motorsag, og så med bile – nett som i gamle dagar.

Eit lag har og tilbragt mykje tid i skogen. Det er ikkje få stokkar som er hogd ned, sagd til på Lio sag, og deretter frakta til varvplassen. Men no nærmar det seg – og det er truleg nok materialer til dei spanta som skal på plass.

Denne veka har dei og vore ein tur på Enes og henta ein gamal maskin som skal brukast til å laga trenaglar. Den skal til overhaling hjå Paul Hovda – og når maskinen er klar skal den kunne laga trenaglar på opptil 60 cm lengde. Desse skal slåast gjennom hud, spant og granering og halda det heile saman.

4-5 meter av kjølsvinet fram mot baugen er teken ut. No ligg ein tilskoren stokk klar, som kjem på plass i neste omgang.