Gurinebasar og St.Hansbål 21. juni

Gurinevarven ligg rett nedanfor Rosendalstunet

Laurdag 21. juni blir det god gamaldags åresalbasar på varvaplassen kor inntekta går til restaureringa av ­Gurine. St. hansbålet (til høgre på biletet) er klart til å tennast. Gravemaskina held på med siste finishen, men har lovt å flytta på seg til den store dagen. Her vil og koma benkar og stolar og anna som skal til for å få ein fin St.Hansfeiring. Og i bakhand har vi telt om det skulle bli naudsynt.

Du kan mellom anna vinne ein monsterleiketraktor!

  • Jazzverket spelar frå kl 17.30
  • Basaren startar kl 18
  • Kristian Djupevåg kjem med trekkspelet
  • Vi tenner St.Hansbål
  • Kanopadling og leiker
  • Rosendal Gardsmat sel grillpølser
  • Gurinegjengen sel kaffi, kaker, is og brus

I tillegg til åresalet kan du vinna på loddbok:

  • Helikoptertur Norsafe
  • Kipe av Knut E. Skåla
  • Andelsbrev Gurine
  • Gåvekort frå Rosendal Turisthotell
  • Gåvekort frå Rosendal Fjordhotel
  • Gåvekort frå Rosendal Bokhandel
  • Gåvekort frå Farge og Interiør
  • Gåvekort frå Fristelsar
  • Gåvekort frå Fredheim Blomster
  • Gåvekort frå Karma
  • Gåvekort frå Helenes frisør
  • Gåvekort frå Irom
  • Billettar Hardangerfjordekspressen
  • Bøtte m/”digg” frå Rimi
  • Pute frå Sko & Interiør
  • Lampe frå Expert
  • Trøtraktor frå Felleskjøpet
  • Toaksla leikesett frå Felleskjøpet
  • Monsterleiketraktor frå Felleskjøpet
  • Bilete teikning av Jon Øyre
  • m.m.

Velkomen til basar og St.Hansfeiring laurdag 21. juni kl 17.30

12 jun, 2014

Comments are closed.