Author Archives: aslaug

Gurinebasar
laurdag 20 juni kl 18

Arne Torget er konferansier. Kristian Djupevåg spelar trekkspel. Det blir kanopadling og leikar og mykje kjekt for born og vaksne.
Vi tenner Jonsokbål og …

Gurinebasar og St.Hansbål 21. juni

God gamaldags åresalbasar kor inntekta går til restaureringa av ­Gurine. Jazzverket spelar frå kl 17.30. Vi tenner St.Hansbål

90.000 frå SR Bank

Jubelen stod i taket då leiar i Interesselaget for galeas «Gurine», Anders Jordal, tok imot gåvebrevet.

Fortenestemedalje til Monsaknuten

Knut E. Skåla – Monsaknuten fekk fortenestemedalje frå Kongen 14. oktober 2013.

Bilde – Måleri av Gurine

Historiske fakta

Gurine vart bygd i Rosendal av Knut (Knud) J. Skále – Jøra-Knut’n i 1874-75. Han bygde Gjøa i 1872 og Loyal i 1877. Gurine vart levert til Jacob T. Bleie frå Hardanger. Ho var bygd for nordlandsfart og var ei klassisk Hardangerjakt 60,1 fot lang (Gjøa er 72 fot). I 1958-59 vart Gurine forlengt til [...]

Jøra-Knut’n

Det er rimeleg å tru at karane på biletet er arbeidsstokken til Jøra-Knut’n då Gurine vart bygd. Jøra-Knut’n ser vi midt på biletet med flaske og kopp i handa. Her vert det spandert utsetjedram og det er fartyet «Agnes» som er sett på sjøen denne dagen. Karane på biletet var nok med på «Gjøa» (1872), [...]

Rydding for ny slipp

Det må ryddast skal ein få plass til Gurine på 72,1 fot. Om ein månads tid voner ein å ha fått klargjort staden kor Gurine skal trekkjast på land for vidare restaurering. Den nye slippen vil liggja rett nedafor Rosendalstunet.

Andelsbrev

Du kan vera deleigar i Gurine ved å kjøpa eit eller fleire andelsbrev. Pålydande kr 1000. Å restaurera Gurine kjem til å krevja store ressursar også økonomisk, her kan slike andelsbrev vera eit stort bidrag. Du kan og gi eit personleg bidrag stort eller lite. Innnbetaling kan du gjera til bankgiro nr 32015093659 Hugs å [...]

Galeasen Gurine under segl

På slutten av 1980-talet vart Gurine kjøpt av entusiasten Georg Gundersen. Han og familien brukte fleire år på å setja ho i stand. No framstår ho som galeasjakt og skin på mange stemne. På byrjinga av 2000-talet vart vedlikehaldet for slitsamt og Gurine vart liggande til kai i Sandviken. Eigarane Kari og Georg Gundersen var [...]