Årsmelding Galeas Gurine 2015

Gurine-varven i Rosendal

Styret:

Styremedlemer: Johannes Tveitnes, 5470 Rosendal, Leon Brufladt, 5470 Rosendal, Ivar Mehl, 5470 Rosendal, Anders Jordal, 5470 Rosendal og Kristen Tore Christensen, 5470 Rosendal.

Varamedlemer: Tørris Skaaluren, 5470 Rosendal og Øystein Hellesøy, 5474 Løfallstrand.

Styreleiar har vore Anders Jordal.

Styremøte : Det er halde 5 styremøter.

Aktiviteter:

Hovudaktiviteten i året har vore hudlegging. 7. desember vart det halde fyllingsskål for markering av at den siste hudplanken blei lagd på plass. Garneringa var også på plass ved årsskiftet. Me fekk for lite hudplank og måtte få skore meir på vårparten. Grunnen var at me gjekk bort frå å bruka lerk som hud under vassyta, som var den opphavelege planen, til berre å nytta furu til hud. Dekksbjelkane er også komen på plass. På kjølen har me starta arbeidet med å leggja stålplater under. Sidan skal det leggjast plater på kvar side av kjølen også. Ca 3,5 tonn blir lagt inn slik at det i tillegg til styrking/oppstiving av skuta også blir ei god ballast. Me har vore på skogen å henta eik til rekkestøtter ved fleire høve, men endå manglar me noko før me har nok.

20. juni blei det halde basar i Gurinefjæra med mykje folk samla. Det vart også halde auksjon med Arne Torget som aukjonarius. Netto gav basaren og auksjonen ca 111 000 netto til laget. Meir om framdrifta finn du på nettsida vår: http://gurine.no

Dugnad:

Det er utført 5 400 dugnadstimar i 2015. Til saman er det utført 21 700 dugnadstimar. Måndagar og onsdagar er faste dugnadsdagar. Talet på dugnadsfolk er aukande. På det jamne møter 12-15 personar på desse dagane. Entusiasmen er stor. Kristian Djupevåg leiar dugnadsgjengen på ein framifrå måte.

Økonomi:

Interesselaget har hatt inntekter på til saman kr 549 100 i 2015. Utgiftene var på kr 555 600. Av inntektene var kr 511 300 tilskot. Sal av andelsbrev gav kr 34 000 og støttemedlemskap kr 3 800

Tilskota kom frå:

  • Vestenfjeldske Bykreditts Stiftelse.
  • Sparebank 1- stiftinga Kvinnherad.
  • Hellesøy Verft AS.
  • Hordaland Fylkeskommune.
  • Norsafe AS.
  • Basarinntekter.
  • Diverse tilskot/sal.

Bedrifter, forretningar, entreprenørar, bønder, grafisk designar, frivillige organisasjonar og privatfolk gjeve oss varer og tenester gratis eller til redusert pris. Takk til alle desse.

Likviditeten har vore god gjennom året.

Framover:

Mål: Sjødyktig og galeasrigga.

Omfang: Skifta alt defekt. Berre nedste del av spanta og kjølen blir att av det gamle. Nye mastre og rundholtar, innreiing og motor.

Resursar: Dugnad, sponsorar, basar, sal av andelsbrev, sal av effektar, støttemedlemskap, skog, tilskot, Kvinnherad kommune og pågangsmot.

2016:Rekkestøtter Skandekk, dekk, og motormontering.

2017: Topprekke, skansekledning, svinerygg, luke og dekksarrangement og innreiing.

Sjøsetjing og rigging vert når skuta er ferdig.

Den 5 år lange leigeavtalen me hadde med kommunen om leige av området er no blitt lengd med 30 år nye år. Når det no går mot slutten av restaureringsarbeidet ser me eit steg vidare. Me må ha ein stad å leggja skuta om vintrane, der me også kan utføra vedlikehaldsarbeid. Me er i dialog med kommunen og naboar. Det må utarbeidast ein omreguleringsplan for området der både kai og plassering av ein bygning for lagring av utstyr, og gjerne innreia slik at me kan halda kurs der. Me har på hand ein gamal byning frå 1918 som vil passa ypparleg til formålet. Me vil ikkje at kostnadene til dette nye steget skal kostnadsførast i restaureringsprosjektet.

Medrekna dugnadstimar er auka frå 19 100 timar til 29 300 timar. Av desse har 3 500 timar gått med til slipp og bygningar. Grunnen til at omfanget er auka er at me no har laga heilt ny baug og akterende. Dessutan har me skifta huda under vassyta også.

Kostnaden for sjølve båten er rekna til kr 2 794 200. I tillegg kjem utgifter til slipp og verkstadbygg på kr 197 900 og drift/ administrasjon på kr 419 200. Heile prosjektet kjem såleis på kr 3 411 200.

Med ein dugnadstimepris på kr 220, blir verdien av dugnaden kr 6 446 000.

Rosendal, mars 2016

Anders Jordal - Johannes Tveitnes - Leon Brufladt - Ivar Mehl - Kristen Tore Christensen

16 mar, 2016

Comments are closed.