800 meter dekk!

Når Interesselaget for galeas Gurine skal gjera noko er dei kjende for å gjera det skikkeleg. No er det tid for dekksplank. Totalt reknar ein med at det går med nærare 900 meter plank til dekket på Gurine. Planken vart kjøpt inn allereie i 2012. Tømmer frå Kinsarvik skåre på oppgangssaga i Herand. Har sidan lege til tørk på «Ullvaren» i Rosendal.

For å gjera dei om til dekksplank må dei høvlast. Mange ville nok då ha funne nokon som kunne høvle borda. Men på Gurine er det annleis. Kva er meir naturleg enn å få tak i en såkalla «Moldingmaskin» - dvs ein høvlemaskin som kan høvle alle fire sidene på ein gong. Og som dessutan kan laga profilar. Jaudå - Gurine kjøpte maskinen frå Lio sag. Han bar preg av å ha vore lite brukt dei siste åra - og hadde trong for overhaling. Som vanleg i Gurine-prosjektet nyttar ein profesjonelle krefter. Og då var det at Leif Tore Nedrevåg kom inn i biletet. Han har drive trevareproduksjon, og hadde ein maskin av same merke for 30 år sidan. Han visste kva som skulle til for å få gong på han.

Laurdag 18. februar (2017) stilte 10 mann på dugnad for å kjøyre 800 meter plank gjennom maskina. To traktorar med hengar stilte opp for å kjøyre bort spon frå høvelen.

Med Nedrevaag som bas gjekk høyvlinga unna! Ferdig høvla målar dekksplanken omlag 110x70 mm. Ein del av borda var litt vridde, og måtte delast opp. Men det er heilt normalt i følge Nedrevaag - når det gjeld materialer som har ligge og tørka så lenge.

For ein gongs skuld vart det «luksus-lunsj» på kafé. Og ikkje mange timar seinare var jobben gjort. Verdsrekorden på 100 meter hekk er vel 12 sekundar. No finst det vel ingen offisiell rekord for 100 meter dekk. Men dugnadsgjengen er godt nøgde med 800 meter dekk på under seks timar!

Ein manglar 8 lengder på 10 meter, som ein no har tinga. Totalt blir det altså nærare 900 meter. Dei siste vekene har ein lagt skanddekket ferdig (den ytterste randen mot rekkestøttane). Allereie måndag 20. februar er det klårt for ein ny milepæl i Gurine si historie. Då startar nemleg arbeidet med å leggja sjølve dekket.

19 feb, 2017

Comments are closed.