500.000 til Gurine

Bilete frå (c) Grenda

Det vart heilt stille på Gurine! Foto: Grenda www.grenda.no

Leiinga i Gurine-prosjektet legg ned eit omfattande arbeid når det gjeld finansiering. Av og til gjev det uttelling, andre gonger ikkje. Prosjektet har fått mange gode støttespelarar som har bidrege - både med pengar, materialer, utstyr og gratis tenester. Likevel vart det ei noko spesiell stemning då Sparebank1-stiftinga Kvinnherad troppa opp i Kaffibua no på måndag. Då det blei annonsert at Gurine skulle få heile 500.000 kroner, vart dugnadsgjengen truleg for første gong heilt stille!

- Dette betyr svært mykje for prosjektet, seier Anders Jordal. No har vi langt på veg finansiering ut 2017, og det gjer det mogleg å halda oppe framdriften slik vi har planlagt.

29 mar, 2017

Comments are closed.