30.000 dugnadstimar!

30.000 dugnadstimar

Arbeidet på Gurine har starta opp igjen etter sommaren. På sjette året stiller folk opp og deltek med full innsats.

28. august passerte arbeidet på Galeas Gurine imponerande 30.000 arbeidstimar! Nokre tusen timar gjenstår, men alt ligg no an til at skuta kan vera under segl i 2019!

I løpet av våren kom dekket på plass. Det har vore gjort mykje arbeid på stålkjølen, med fleire hundre meter sveising! Motorfestet og hylsa er og på plass, og alt er klar for montering av motoren til neste år.

1,5 km lusing!

Ein annan omfattande jobb som vart avslutta 28. august er lusinga. Mellom kvart bord i huda blir det frest opp eit spor, og så limar ein inn ei list på 1x3 cm for å få saumen tett. (Sjå bilete). Ikkje mindre enn 1,5 km lusing har kome på plass i løpet av dei siste månadene. Og det er ikkje nødvendigvis det kjekkaste å halda på med. Det skal mykje lim til, og det var snakk om at kjeledressane til dugnadsgjengen stod av seg sjølve då arbeidet var ferdig.

Reguleringsplan

Eit mindre synleg arbeid har vore reguleringsplan for Gurine-fjæra. Interesselaget ønsker å byggja opp eit senter for trebåter, med kaianlegg og hus. Dette er no ute til høyring hjå kommunen.

Økonomi

I løpet av siste året har Gurine mista fire av sponsorane sine av ulike årsaker, og styret var noko bekymra for framdriften. Men dei gav ikkje opp, og mange forstod alvoret.

Det hjalp ikkje så lite da Sparebank1-stiftinga Kvinnherad kom med ei gåve på 500.000! Deretter kom kommunen med 200.000. I tillegg vart det overskot på over 100.000,- på Gurine-basaren. Dermed blei 2017 eit av dei betre åra med omsyn til finansiering, og arbeidet kan halda fram med full innsats.

Skutetreff i Rosendal

I samband med at det er 140 år sidan Loyal vart bygd i Rosendal, tok "Loyal" kontakt med Interesselaget for Gurine med tanke på ei markering. No blir det skutedag i Rosendal laurdag med omfattande program. Sjå programmet her >>

11 sept, 2017

Comments are closed.