Gurine vart bygd som jakt i Rosendal, i 1874-75. Etter lang tid på dei sju hav kom skuta attende til Rosendal i mai 2011 for å bli satt i sjødyktig stand.
Den store dugnaden er godt i gang. Skuta skal totalrenoverast - frå bunn til topp. Det vil ta fleire år. På denne nettsida kan du følgja med på dette arbeidet... og etter kvart få vita meir om historia til skuta.
Å setja Gurine i stand vil kreva mot, musklar og store ressursar. Både i form av enorm dugnadsinnsats og økonomisk midler.
Ønskjer du å bli med i dugnadsgjengen, teikne støttemedlemskap eller kjøpa andelsbrev er det berre å ta kontakt. Sjå her >>
Til no har ein kunne kommunisera med Gurine via VHF. Heretter vil det og vera mogleg å halda kontakt via RSS, Facebook og Twitter. Sjå nederst til høgre på sida.